PREVIEW: KVIK HALDEN - HØDD

Søndag spelar Hødd borte mot Kvik Halden i PostNord-ligaen avd.1. Kampstart kl. 15.00!

For ei avslutning på førre heimekamp mot Skeid! Eit bytte heilt på tampen av kampen sikra Hødd 3 poeng! Debutanten Bendik Engen vart bytta inn i det 85 speleminutt og brukte kun litt over eit minutt før han satte ballen i mål etter eit innlegg. Innlegget vart slått inn i boks og der ruva Engen høgst i lufta, vann duellen sin og heada inn 1-0 til Hødd. 

HØGDEPUNKT HØDD - SKEID

Videoen er ikke tilgjengelig.

Thomas Sporsheim har tatt seg ein prat med matchvinnaren frå førre heimekamp mot Skeid, Bendik Engen som debuterte i Hødd-drakta med skoring.

Videoen er ikke tilgjengelig.

No ventar ny bortekamp mot Kvik Halden søndag, eit lag som sist tapte heile 1-5 på heimebane mot Fredrikstad. Vi forventa derfor eit heiltent heimelag som vil gå ut i hundre for å prøve å få eit tidleg mål og kontrollere kampen mot Hødd. 

Kvik Halden står med 15 poeng og har berre 3 poeng opp til Fredrikstad på 1. plass. 

HØGDEPUNKT KVIK HALDEN - FREDRIKSTAD

Videoen er ikke tilgjengelig.

Hødd står med 8 poeng og kan nærme seg topp 3 med siger over Kvik Halden søndag. Hødd har våre solide defensivt hittil i år og det vil nok også bli viktig mot Kvik Halden søndag. Vi trur det blir ein tette og jamne kamp der det fort kan ende med ein knapp siger til eit av laga, men vi takka ikkje nei om Hødd går sigrande ut av duellen og tek med seg 3 poeng heim til Ulsteinvik! 

SÆTRE: - EG GLER MEG VELDIG TIL KAMPEN MOT KVIK HALDEN

Videoen er ikke tilgjengelig.

KNAPPEN: - VI REISER NED FOR Å TA 3 POENG

Videoen er ikke tilgjengelig.

BLI MED I MÅLKLUBBEN!

Trykk her for meir informasjon!

SLIK SER DU KAMPEN LIVE

Hødd Fotball og Brygga Sportsbar har inngått samarbeid på felles arrangement på kampdagar. Ta derfor turen til Brygga!

Kampen kan du også sjå direkte på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider.

TROPP

Ole Monrad Alme, Marco Priis Jørgensen, Bendik Engen, Robin Hjelmeseth, Jens Husebø, Ramzi Toure Idrissou, Paul-Henri Moussinga, Ola Heltne Nilsen, Bam Phudithip, Preben Sætre, Eirik Franke Saunes, Simon Texas Silverholt, Emil Solnørdal, Tobias Bjørnebye, Netan Sansara, Bendik Rise.

Vi ynskjer laget lykke til i bortekampen mot Kvik Halden! 

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2020 AVD. 1

  • HALDEN STADION

  • 23.08.2020 KL. 15:00

Annonse fra Obos-ligaen: