
PREVIEW: HØDD - EGERSUND
Laurdag kl. 17.00 tek vi imot Rogalandslaget Egersund til dyst på Høddvoll. Vi håper mange tek turen laurdag for å støtte laget til nye 3 poeng!
Toppkamp mot Egersund
Laurdag ettermiddag tek Hødd imot Egersund til toppkamp på Høddvoll! Vi håper mange tek turen laurdag for å støtte laget til nye 3 poeng!
Det blir ein svært spanande kamp mellom Hødd og Egersund og med siger vil Hødd få ei luke på 9 poeng til bortelaget.
Bli med å støtt laget laurdag!
Les meir om laurdagens motstandar under.
Om Egersund
Egersund har vore i 2. divisjon sidan dei rykka opp i 2011. Ein kan altså kalle dei eit stabilt 2. divisjonslag. Før fjorårets sesong, der dei enda på ein skuffande 9. plass, hadde dei svært gode plasseringar tre år på rad, med to andreplassar og ein tredjeplass. Dei to første sesongane etter opprykket i 2011 enda på henhaldsvis 10. og 7. plass, så forutan førre sesong, har laget hatt god progresjon, og fått rykte på seg til å vere eit topplag. Laget har tradisjonelt sett sluppe inn få mål, og samstundes ikkje scora så frykteleg mykje. Då dei enda på 2. plass i 2015 scora dei 55 mål, men slapp inn berre 22 mål, noko som er særs gode tal. Den skuffande 9. plassen førre sesong var også svært god defensivt, sidan dei slapp inn tredje minst i ligaen med 29 mål. Defensiv struktur er altså Egersund si ”force”.
Mange har tippa laget frå sydlege Rogaland å ende svært høgt på tabellen, kanskje t.o.m. til å rykkje opp, og ein kan ikkje kalle det ein dårleg spådom. Dei ligg akkurat no på delt 3. plass med Arendal, men dei har 6 poeng opp til oss og Skeid. Dei starta sesongen på forferdeleg vis, og låg heilt nede i ”nedrykkssumpen”. Dei er solide defensivt, men det er no i andre halvdel av sesongen at måla framover har kome. Dei er i svært god form per dags dato og står med 3 strake sigrar. 6-2 mot Vidar og 5-0 mot KFUM er svært, svært sterke resultat. Dei kjem garantert til å vere proppfulle av sjølvtillit og speleglede laurdag ettermiddag.
Spelarprofilar på Egersund

Egersund har stor og god breidde i troppa, noko som gjer lagoppstillinga noko vanskeleg å tippe. Keeper Larsen Berg er ny for sesongen og har hatt store sko å fylle etter at Igor Spiridonov drog til Bryne. Han har tatt oppgåva med ”begge hender” og levert ein bra sesong hittil. På backane finn vi to spelarar som begge har spelt for EIK i ei årrekkje. Dei har mykje erfaring med seg og er to solide backar. I midtforsvaret finn vi Nyborg som eigentleg var tiltenkt ei defensiv rolle på midtbana, men som i det siste har spelt i midtforsvaret. Han kom frå Levanger i vinter og er eit godt tilskot til stallen. Med seg har han Wawrzynkiewicz, ein spelar som har spelt back lenge, men som kan spele som midtstoppar også. Han er ein svært god spelar på dette nivået, og ein av EIK sine viktigaste bidragsytarar.
På midtbana finn vi ein trio sentralt. Corovic er ein kreativ spelar som kom frå tabellnabo Arendal i vinter. Han står for det kreative på midtbana og har eit godt overblikk. Saman med han finn vi Larsen og Romslo. Begge kom frå Bryne for nokre år sidan, og har vore viktige brikker i dette EIK-laget. Dei er pasningssikre og meir defensivt anlagde enn Corovic. Litt lenger framme på bana finn vi dei store stjernespelarane i dette laget. Sumareh på høgrekanten har bidrege med heile 11 scoringar hittil i sesongen, og er lagets soleklare toppscorar. I fjorårets sesong scora han 19 mål, noko som var halvparten av heile laget sine mål. Det er enkelt å sjå kvifor Sumareh er ekstremt viktig for dette laget. Roy Miljeteig gjer opp den andre halvdelen av radarparet med Sumareh. Dei har spelt med kvarandre ved fleire høve, og har funne tonen kvar gang. Medan Sumareh bidreg med fart og mål, så er Miljeteig ein anna type. Han har ro med ballen, gjer gode val, og har rett og slett eit godt fotballhovud. Desse to blir dei viktigaste å følge med på i denne kampen. Heilt på topp finn vi Perttamo, ein spelar som har spelt seg inn på laget litt ut i sesongen. Han har tidlegare slitt på dette nivået, men i det siste har han vist god form og forsvart plassen sin på laget med bravur.
Om kampen
For ein fantastisk kamp vi har i vente på Høddvoll! Begge lag er i ganske god form, sjølv om vi kun fekk med oss 1 poeng i Oslo mot Vålerenga 2 førre helg. Uansett, så har vi hatt til vane å levere bra mot topplaga, spesielt på heimebane. Og Egersund må seiast å vere eit topplag, dei ligg trass alt på 3. plass etter ein grusom start på sesongen – noko som er svært imponerande. Dei har to gode vingar som blir viktige å vere ekstra påpasselege med i Miljeteig og Sumareh. Skal vi vinne denne kampen, så må vi få stoppa linken mellom dei to. Vi satsar på at vi kjem tilbake på vinnarsporet i denne toppkampen og tek med oss alle dei 3 poenga. Køyr på, gutar!
Korleis kan eg sjå eller følgje kampen live?
Kampen er heilt klart best å sjå live på stadion og vi håper du sett av eit par timar på Høddvoll laurdag ettermiddag for å støtte dei blåkvite til nye 3 poeng!
Billett til kampen kan du kjøpe her!
Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet for dei som ikkje har anledning til å ta turen til Høddvoll.
Vi vil også opprette ein kamptråd på Facebook og Twitter med laupande oppdatering frå kampen.
I tillegg vil vi legge ut bileter frå før, under og etter kamp på Snapchat, Facebook og Instagram.
Dagens kampsponsor

KAMPFAKTA
-
POSTNORD-LIGAEN 2018 AVD. 2
-
HØDDVOLL
-
01.09.2018 KL. 17:00