PREVIEW: HØDD - BRATTVÅG

Laurdag tek Hødd imot Brattvåg til heimekamp i PostNord-ligaen avd. 1. Kampstart kl. 16.00!

Ny kamp på Høddvoll når Brattvåg kjem på besøk laurdag. Eit skikkeleg lokaloppgjer mot Brattvåg ventar, og vi ser for oss ein tette og jamne kamp på Høddvoll der begge laga vil gå for 3 poeng! 

Få siste nytt om kampen under!

BILLETTINFORMASJON

Alle som har kjøpt billett på nett eller på Høddvollhuset viser fram billetten ved inngangen. Dette gjeld dei som har private sesongkort på hovudtribunen og Blåsarane sine sesongkort på ståtribunen.

Alle andre som har registrert seg via ulike registreringsskjema møter også opp ved inngangen og vaktene vil då krysse av namnet ditt i lista. Dette gjeld frivillige, sponsorar, spelarar, fotballstyret, osv. Alle som har vore inne å registrert seg på førehand. Vaktene har oppdaterte lister ved inngangane. 

Det er ikkje mogleg å kjøpe billett på kampdag inntil vidare.

TIPPEKONKURRANSE HØDD - BRATTVÅG

No kan du tippe resultatet i kampen mellom Hødd og Brattvåg. Alle som tippa rett resultat er med i trekninga av ei fruktkorg sponsa av vår samarbeidspartnar Rema 1000. Siste frist for å tippe er laurdag kl. 16.00! Trykk her for å bli med på Tippekonkurransen!

HØGDEPUNKT BRATTVÅG - KJELSÅS

Videoen er ikke tilgjengelig.

Vi trur hovudtrenar Rene Skovdahl gir tillit følgande lag. Om Torbjørn Grytten blir meldt speleklar er han mest truleg tilbake i startoppstillinga. Det betyr at Alexander Andal Jonassen truleg blir flytta ut på venstrekanten og at debutanten Tobias Flem som også skora målet sist mot Kjelsås blir plassert på benken. Er Grytten utilgjengeleg til kampen trur vi Brattvåg starta med same lag som i kampen mot Kjelsås. I følge rapportane er tidlegare Hødd-spelar Sondre Sandnes Beite mest truleg ute med skade og vil ikkje bli klar til kampen, men tida for sjå om han er ein del av kamptroppa til Brattvåg.

Brattvåg var før sesongen tippa å kjempe på øvre halvdel av avdelinga. Laget har opna sesongen heilt greit og står med 9 poeng, eitt poeng foran Hødd. Det betyr at dei ligger på 6. plass etter sju serierunder. Brattvåg har gått sigrande ut i kampane mot Vålerenga 2 (6-0), Senja (3-1) og begge har kome på heimebane. I dei resterande kampane står Brattvåg med tre uavgjort og to tap, og har enda ikkje vunne på bortebane i årets sesong. Vi trur Brattvåg vil vere eit av dei 7 laga som spelar sluttspel om opprykk på hausten.

I 2019 enda laget på ein 13. plass i avdelinga. Laget endte med 33 poeng. Brattvåg scora i fjor 43 mål og slapp inn 50 mål. 

Innbyrdes har Brattvåg hatt eit godt tak på Hødd og har vunne 3 av 4 kampar mot Hødd i seriesamanheng. Laga møtte kvarandre sist i fjor, og det enda med tap i begge oppgjera mot Brattvåg. Vi tenker historie er historie og går for 3 poeng på Høddvoll laurdag!

Innbyrdes oppgjer (seriespel)
10.08.2019: Brattvåg - Hødd 2-1
16.05.2019: Hødd - Brattvåg 1-2
16.09.2018: Hødd - Brattvåg 0-1
26.05.2018: Brattvåg - Hødd 0-4

 

ALME: -VI SKAL SKORE MEIR MÅL ENN DEI

Videoen er ikke tilgjengelig.

SPONSORPROFILERING

Saka held fram etter sponsorpresentasjonen.

Videoen er ikke tilgjengelig.

 

BLI MED I MÅLKLUBBEN!

Trykk her for meir informasjon!

SLIK SER DU KAMPEN LIVE

Hødd Fotball og Brygga Sportsbar har inngått samarbeid på felles arrangement på kampdager. Får du ikkje billett så ta turen til Brygga.

Alle bortekampar vises også på Brygga. Vi sjåast på Høddvoll og Brygga!

Kampen kan du også sjå direkte på Sunnmørsposten og Vikebladet sine nettsider.

Vi ynskjer laget lykke til i kampen mot Brattvåg!

DAGENS KAMPSPONSOR

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2020 AVD. 1

  • HØDDVOLL

  • 29.08.2020 KL. 16:00

Annonse fra Obos-ligaen: