PREVIEW: ARENDAL - HØDD
Laurdag kl. 16.00 er det duka for bortekamp mot Arendal på Norac Stadion!
Om Arendal
Arendal Fotball vart stifta 27. September 2010, og er eit samarbeidsprosjekt mellom klubbane Trauma og Grane. Dei fekk ta over divisjonsplasseringa til det høgstliggande laget, og fekk dermed spele 3. divisjon i 2011. Dei rykka opp til 2. divisjon allereie året etter med tabelltopp og heile 73 poeng i 3. divisjon avdeling 5. I både 2013- og 2014-sesongen starta Arendal dårleg med mange poengtap dei første kampane og fekk dermed ikkje utfordra heilt i toppen. I 2016 skulle det derimot lukkast for Knut Tørum å leie laget til opprykk og spel i OBOS-ligaen i 2017. 2017-sesongen vart eit slit for laget frå Aust-Agder, og dei hamna på siste plass, og rykka dermed ned til PostNord-ligaen igjen. Dei slapp inn mest mål med heile 62 mål i mot, og då dei i tillegg berre scora 33 mål (nest-minst i ligaen), så vart det 5 poeng opp til ”kvalik”-plass og 11 poeng opp til heilt trygg plass. Dei leverte brukbar form på bortebane, men vann berre to kampar på heimebana Norac Stadion.
Arendal har, av mange, blitt tippa å kjempe i toppen av denne avdelinga. Dei starta sesongen brukbart og har klart å henge bra med. Dei har like mange poeng som oss og Egersund, nemleg 36 poeng. I tillegg til det har dei akkurat lik målforskjell som oss. Arendal har vunne sine siste to kampar (Brattvåg borte og Vidar heime).
Spelarprofilar på Arendal

Keeper Grzegorz Flasza vart i vinter henta til ”det glade Sørlandet” frå Tromsdalen, og har vore ei bra forsterking i målvaktsposisjonen. Han kan plutseleg gjere fleire fantomredningar, men kan også, til tider, sleppe inn litt for enkle mål. Framfor han, finn ein eit bra forsvar. Breidda er ikkje så stor, noko ein også ser igjen i dei fleste posisjonane i laget, men når førsteellevaren er frisk, så held den høgt nivå. Høgreback Jens Skogmo spelte fjorårets sesong i Follo og leverte svært mange målgivande. Avni Pepa har mykje erfaring, blant anna frå Sandnes Ulf og Start med spel på det øvste nivået. Den andre midtstopparen, Petar Rnkovic, er også svært erfaren og bidreg med ro i laget. Vensteback Adi Markovic er ein ung og lovande spelar som har klart å sementere ein plass i startoppstillinga.
På midtbana har Arendal mange alternativ sentralt i bana, men ikkje så mange kantspelarar. Difor får fleire som eigentleg føretrekker å spele sentralt, spele på kantane. Kim Kvaalen føretrekkjer nok å spele sentralt i bana, men er svært anvendeleg og god i fleire posisjonar. Dette gjer at han er komfortabel med å spele på kant også. Sentralt på midtbana har Arendal svært solide spelarar. Jakob Rasmussen er den stabiliserande krafta og er ein svært påliteleg og ”effektiv” fotballspelar. Det meste går på ein og to touch, samstundes som han har god kontroll og dikterar spelet. Makkeren hans sentralt, Thompson Ekpe, er også ein meir defensivt anlagd spelar. Han liknar på N´Golo Kanté i spelestilen der han fungerer som ein virvelvind og ryddegut på midtbana. At desse to spelar i lag gjer at Arendal sitt forsvar er svært solid. På venstrekanten finn vi Conrad Wallem, ein spelar som har etablert seg i løpet av sesongen. Han er svært ung og lovande, og scora mot Brattvåg i førre kamp. Vi blir nøydde å passe på Wallem, ettersom han spelar utan frykt og har tonnevis av sjølvtillit for augneblinken.
Heilt på topp har Arendal fleire svært gode alternativ. I det siste har Wilhelm Pepa, som tidlegare har storspelt for Jerv, blitt benka for å lage plass til to andre gode spissar. Den gamle Molde-kjenninga Pape Pate Diouf har berre scora 4 mål denne sesongen, men han veit absolutt kor målet står, så det blir viktig å vere obs på han. Spissmakkeren hans Fabian Ness har scora dobbelt så mange mål denne sesongen som Diouf, og ser ut til å vere i svært god form. Han scora to mål og vart avgjerande i sigeren mot Brattvåg førre helg. Sjå opp for han!
Om kampen
Arendal er for fullt med i kampen om kvalifiseringsplass, og kjem til å vere topp-motiverte til denne kampen. Arendal har vunne sine to siste kampar. Då vi møtte dei tidlegare i år på Høddvoll, vann vi 3-1 i ein svært god kamp. Vi blir nøydde til å finne tilbake til det spelet, intensiteten og sjølvtilliten vi hadde på den tida. Skeid ser ut til å ta 1. plassen, men det er svært jamnt i kampen om 2. plassen og kvalifisering. Vi satsar på at gutane slår hardt tilbake i denne kampen. Heia Hødd!
Korleis kan eg sjå eller følgje kampen live?
Vi håper dei som er i området tek turen på kamp å støttar dei blåkvite til 3 poeng!
Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet.
KAMPFAKTA
-
POSTNORD-LIGAEN 2018 AVD. 2
-
NORAC STADION
-
29.09.2018 KL. 16:00