Prestasjonen må vere solid

Søndag spelar Hødd borte mot Frigg - eit lag som Hødd feia av bana på Høddvoll med ein solid 6-1 siger!

Hødd er inne i ein periode med litt stang ut. Hødd har skapt meir enn nok sjansar til å avgjere kampane, men dessverre har ikkje laget hatt marginane med seg og fått utelling for sjansane som har blitt skapt. Det har resultert i fire kampar på rad som har enda med uavgjort. Ja, den siste sigeren kom sist i juni når Hødd fekk besøk av Frigg på Høddvoll. Den kampen enda med heile 6-1 til Hødd. 

No ventar Frigg på bortebane - eit lag som Hødd bør slå om håpet om direkte opprykk framleis skal vere innen rekkevidde.

- Vi reiser til Oslo med eit ønske om å ta med 3 poeng tilbake til Høddvoll. Då må prestasjonen vere solid, og vi må legge ned full innsats for å ha marginane med oss. Vi har med to nye spelarar i troppen som begge har tilført oss ny energi og kvalitet. Håper alle støtta oss i kampen om poenga, seier hovudtrenar Joakim Dragsten.

Les også intervjuet med Hødd-spelar Robin Hjelmeseth i Vikebladet Vestposten her!

FRIGG

Frigg har hatt ein tøff vårsesong og står berre med 9 poeng så langt i sesongen. Håpet om å klare seg er framleis mogleg, men då må laget starte å plukke poeng.

Dei tre siste kampane er alle tapt mot Brattvåg, Kjelsås og Asker. Lagets siste siger kom heime mot Eidsvold og den vann dei til slutt 3-0 på heimebane.

SLIK SER DU KAMPEN

Kampen kan du sjå på Brygga Sportsbar i Ulsteinvik - møt opp i saman med andre Hødd-supporterar og bli med å støtt laget i kampen om nye 3 poeng!

Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet for dei som ikkje har anledning til å kome på kampen (*krever abonnement).

Vi ønsker laget lykke til i kampen mot Frigg!

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2022 AVD. 2

  • FRIGG - HØDD

  • TØRTEBERG KUNSTGRESS 2

  • 14.08.2022 KL. 14:00

Annonse: