Pressemelding Hødd Fotball

Kevin Knappen signerer i dag for Bryne FK og vil bli klubbens nye hovudtrenar frå 2022-sesongen.

Hødd Fotball er fornøgde med jobben Kevin har gjort i klubben dei to siste sesongane. Dei siste vekene har vi difor gitt Kevin eit nytt og forbetra kontraktsforslag som eit signal på at han framleis var ønska som hovudtrenar for vårt A-lag. Dette klarte vi ikkje og vi respekterer no det valet Kevin har tatt.. 

Avtalen med Bryne FK gjeld ikkje før neste år og alt fokuset ligger på å prestere godt både på trening og i kamp i tida framover. Hødd har viktige månadar framfor seg og det er der fokuset er for trenarteamet og spelargruppa. 

For spørsmål: 
Kari Mette Sundgot - styreleiar / 906 01 680 
Sverre Økland - representant spelargruppa / 478 80 718 

 

04.10.2021 

Annonse: