Poengligaen
Poengligaen skal vere ei turneringsform som skape mentalitet og vinnarkultur på A-laget!
Skape mentalitet og vinnarkultur
Poengligaen skal vere ei turneringsform som skape mentalitet og vinnarkultur i laget og det blir kåra ein vinnar kvar månad. På slutten av året blir vinnaren av heile poengligaen premiert.
Ei økt i veka spelar A-laget 3-lagsmodell. Ingen av spelarane ønskjer å tape desse kampane i turneringa og dette er med på å at det blir ekstra trøkk på desse treningane. Ønske om å vinne er derfor stort og det er det som til sjuande sist tel i fotball!
Vi vil derfor legge ut vinnarar for kvar månad framover og tysdag morgon vil du kunne sjå vinnarane av januar månad.
Følg med!