Øystein Vestvatn forlet Hødd
Øystein Vestvatn og Hødd er einige om å skilje lag.
Øystein Vestvatn hadde eit år igjen av kontrakta med Hødd, men er no samd med Hødd om at partane går kvar for seg.
Han kom til Hødd frå Follo foran fjorårets sesong. I OBOS-ligaen fekk han 14 kampar frå start, og 10 som innbyttar for Hødd. Han scora tre ligamål.
Øystein takkar alle for tida i Hødd, og Hødd ynskjer Øystein alt godt i framtida!