OSKAR JOHANNES LØKEN KLAR FOR HØDD

Oskar Johannes Løken (22) har i dag signert for Hødd ut 2021-sesongen. FOTO: Raufoss Fotball

Oskar Johannes Løken har i dag skreve under på ein avtale som binder ham til klubben ut 2021-sesongen. Oskar kjem frå spel i OBOS-ligaen med Raufoss i år.

Hovudtrenar Kevin Knappen seier dette i ein kommentar:
- Ny spanande spelar signerer. I Oskar Johannes Løken får vi ein ung ettertrakta spelar som har kvalitetar vi manglar i laget pr. no. Oskar er ein hurtig og offensiv spelar med målteft, kan bekle både kant og spiss. Moderklubben er Stabæk, men han har dei fire siste sesongane spelt på seg solid erfaring i Raufoss. Vi er veldig glade for at Oskar var tydeleg på at han ønska ein overgang til Hødd i sterk konkurranse frå andre klubbar.
 
FAKTA
Namn: Oskar Johannes Løken
Fødd: 10. juni 1998
Posisjon: Angrep
Tidlegare klubbar: Raufoss, Stabæk
 

Vi ønsker Oskar velkomen til Hødd!

Annonse: