Oscar Buur til Hødd på lån
Hødd har sikra seg den danske målvakta Oscar Buur på lån frå FC København. Klubbane er einige om ein låneavtale som gjer at 19-åringen blir Hødd-spelar ut sesongen. Toppfotball
Buur har vore ein del av A-stallen til FC København gjennom heile sesongen, og sat så seint som i forrige veke på benken då den danske storklubben spelte i UEFA Conference League.
Den 197 centimeter høge målvakta har også fått verdifull speletid i sommar, då han har vakta buret for FC København i treningskampar mot Horsens, Viktoria Plzeň og Mjällby.
No tek han turen til Høddvoll, der han skal kjempe om plassen mellom stengene resten av sesongen.
Oscar: - Gler meg til å kome i gang
- Eg er veldig glad for å ha signert for Hødd. Eg ønskte å ta steget til ein ambisiøs klubb der eg kan få verdifull erfaring på seniornivå og utvikle meg vidare som spelar.
- Eg fekk eit veldig godt inntrykk av klubben og menneska rundt laget, og det gjorde valet enkelt.
- Målet mitt er å jobbe hardt kvar einaste dag, bidra til laget og vere med på å kjempe om ein plass blant dei seks beste. Eg gler meg til å kome i gang, møte supportarane og gi alt for Hødd.
Sportssjef Jesper Tørnqvist er svært nøgd med å få den talentfulle dansken til Hødd:
- Med berre to keeperar i A-stallen dei siste vekene har vi jobba hardt for å få inn ein spennande keeper som kan komplettere Thomas og Christian i keeperteamet, og samtidig skjerpe konkurransen på keeperplassen.
- Oscar er ein keeper vi har følgt over lengre tid, og saman med FC København har vi no kome fram til ein låneavtale ut året.
- Vi vil takke FC København for ein god prosess, og ønskjer Oscar hjarteleg velkomen til Hødd, seier sportssjef Jesper Törnqvist.