
Ørn teken ut på landslaget
Ungguten frå Hødd er teken ut til treningssamling for G16 i august
Gunnar Halle tok i dag ut årets første landslagstropp, og den inkluderte Ørn Flø frå Hødd. G16-landslaget skulle eigentleg spele nordisk turnering, men denne er avlyst. I staden blir det trreninssamling 2.-7. august i Lillestrøm.
- Det er veldig inspirerande og motiverande å bli tatt ut igjen, og det blir kjekt å få trene med dei beste i Norge og sjå kvar lista ligge. Det vil bli ein fin opplevelse å ta med seg inn i treningskvardagen, seier Ørn.
Heile troppa kan du sjå her
Vi ønsker Ørn lykke til på samling, og håper samtidig at det er inspirerande for andre i klubben!