Ørjan Heiberg ny assistent og toppspelarutviklar i Hødd

Ørjan Heiberg er tilsett som assistent og toppspelarutviklar i Hødd, ei kontrakt som strekkjer seg ut 2023-sesongen med opsjon på ytterlegare 1 år. FOTO: Lokalfotballen.blog.

Ørjan kjem frå Gjelleråsen IF og tok laget til ein sterk 2. plass i 3. divisjon i 2021. Både Ørjan og Joakim er i VG og Dagbladet satt opp på ei liste over dei største trenartalenta i Norge. Hødd har dermed sikra seg to svært spanande trenarar! 

- Etter ein god prosess med Gjelleråsen IF er vi veldig nøgd med å få inn Ørjan i trenarteamet for dei neste åra. Dedikert, fagleg dyktig, tidlegare fotballspelar, og gode resultat vil vere med å komplettere Joakim på ein god måte, seier Sportssjef i Hødd Fotball, Jesper Törnqvist. 

ØRJAN: - BIDRA TIL AT HØDD SKAL TA ENDA EIT STEG I RIKTIG RETNING

- Eg gleda meg til å kome til Ulsteinvik! Hødd har gitt meg eit veldig godt inntrykk på alle områder, og det skal bli veldig spanande med oppgåvene som ventar. Eg ønskjer å bidra til at Hødd skal ta enda eit steg i riktig retning og skape morosame opplevingar for heile bygda! 

Hødd Fotball ønsker Ørjan hjarteleg velkomen til Hødd! 

Annonse: