Ørjan: - Ein flotte klubb

Vi takka Ørjan for innsatsen i Hødd!

Ørjan Heiberg som har vore Joakim Dragsten si høgrehand dei siste to åra har vore ein viktig brikke i den jobben som har blitt gjort rundt A-lag herre med opprykk i 2022-sesongen og i år spel i OBOS-ligaen. 

Vi har etter dialog om vidare jobb i Hødd kome til einigheit om at vi no takka av Ørjan for jobben han har gjort i Hødd.

- Ørjan har gitt mykje av seg sjølv under to år i Hødd og vi set stor pris på den jobben han har gjort i lag med teamet dei to siste åra. Ørjan har hatt ei stor rolle i totalen og spesielt på området defensiv organisering og dødball. Stor arbeidsinnsats og fagleg dyktig som no går vidare til nye utfordringar. Takk for innsatsen!, seier Sportssjef Jesper Törnqvist.

Vi vil takke Ørjan for innsatsen i Hødd og samtidig ønske han lykke til vidare med nye oppgåver i trenaryrket! 
Annonse: