Oppstart morgontrening

Måndag 8. mars startar vi opp att med morgontrening.

I første omgong vil dette vere eit tilbod til dei som går på ungdomsskulen, altså jenter og gutar fødde i 2005, 2006 og 2007. Tema for øktene vil i stor grad vere individuelle ferdigheiter og rolletrening. Innhald i økta og antal trenarar vil bli tilpassa til kor mange som melder seg på.

Økta startar 06.45 og vil vare ca. éin time. Garderobar og dusj vil vere tilgjengelig på Høddvollhuset i etterkant av økta. Transport til skulen må ordnast sjølv.

Påmelding i Spond her.

Kvar: Ulsmohallen
Når: Måndag 8. mars
Tid: 06.45-07.45
 

Vel møtt til ein frisk start på veka!

Annonse: