Oppkøyringa til sesongen er i gang

A-lag dame er no i full sving med treningar, og starta oppkøyringa til årets sesong på laurdag.

Vi har teke ein prat med hovudtrenar Ronny Osnes og assistenttrenar Henning Nygård om korleis ståa er, og kva ambisjonane for årets sesong er.

Kva er status for A-lag dame no, og korleis har dei fyrste treningane vore?

- Status per no er at vi har vore gjennom to treningar på laurdag og søndag, der økta på søndag var lengre og hardare. Ein del av damene har vore gjennom sjukdom i jula, og er akkurat tilbake og klare for trening no, så treningane framover vil bere ein del preg av tilpassa fysisk trening sier Henning. 

Korleis ser planane fram mot seriestart ut?

For jenter 19 og jenter 16, så startar dei med kampar og ein vinterserie allereie denne uka. Da skal jenter 19 spele kamp mot Volda på onsdag, og det er ein lokal serie for å kvalifisere seg til NM. 

- For a-laget så blir det bestemt 25. januar, men det ligg an til å bli i slutten av april eller starten av mai. Det blir også nokre treningskampar i februar mot blant anna Molde og Herd, så blir det heilt sikkert spikra fleire kampar snart. Vi håpar også å få til ein treningsleir og kamp i Bergen, på Åsane Arena kor det er heilt fantastiske treningsfasilitetar seier Ronny. 

Kva er ambisjonane i år?

- Vi ynskjer jo å vere med å kjempe om eit opprykk, men det er ein tøff og krunglete veg for å komme seg dit. Da må vi fyrst komme topp tre i ein lokal sunnmørsserie på våren, før vi må vinne ein fylkesserie på hausten, for så å få moglegheita til å spele opprykkskamp mot vinnaren frå Trøndelag. 

- Men vi har ein ung tropp kor dei unge spelarane har blitt eit år eldre, og om vi fortsette å trene godt og utvikle oss vidare, så er det fullt mogleg.

Så lenge forholda tilliter det, er det allereie klart for teljande kampar på Høddvoll på onsdag 25.01. Da spelar jenter 19 kvalik til NM mot Volda kl 18:30. 

Møt opp!

 

Annonse: