Oppdatert billettinformasjon

Slik sikra du deg billett til første kvalifiseringskamp som går laurdag 20. november kl. 16.00!

Det er solgt ca. 500 billettar så langt til kvalifiseringskampen mot Arendal laurdag, men vårt klare mål er at 2000 tilskodarar skal innom portane laurdag! Vi håper derfor å sjå deg på Høddvoll på kampdag!
 
Vi oppmoda derfor folk til å dele og like saker vi legger ut i sosiale media slik at flest mogleg får med seg den viktige informasjonen. I tillegg håper vi du tek med familie, venner og kjente på kamp. Til fleire vi er, til meir støtte og energi får laget ute på bana! 
 
BILLETTINFORMASJON
Vi minner om at ALLE må kjøpe billett til kampen. Sesongkortet gjeld ikkje i kvalifiseringskampane. Berre dei med akkreditering og NFF kort har gratis inngang på kampen.
 

Vi oppmoda alle om å kjøpe billett via vårt billettsystem på nett eller mobil via TicketCo appen. Då unngår du billettkø på kampdag og du kan scanne billetten din og gå rett inn.

NB! Vi har ikkje kapasitet til store billettkøar på kampdag, og vårt klare råd er derfor at dei aller fleste sikra seg billett på førehand!

KJØP BILLETT HER!

 
Det blir også mogleg å sikre seg kampbillett her dei neste dagane:
 
Tysdag 17.00 - 19.00 (Høddvollhuset)
Onsdag 12.30 - 15.30 (Blåhuset)
Torsdag 12.30 - 15.30 (Amfi Ulsteinvik) / 17.00 - 19.00 (Høddvollhuset)
Fredag 09.00 - 15.30 (Høddvollhuset)
 
Følg med på vår Facebook-side fortløpande ved evt. endring i tidspunkta over!
 

Det blir ikkje mogleg å kjøpe kampbillett på Høddvollhuset utanom desse tidene. Dette gjeld også på kampdag, då administrasjonen er opptatt med andre arbeidsoppgåver knyta til arrangementet. Ønsker du å kjøpe billett på kampdag, så gjer du dette på vårt billettkontor, men då er vår anbefaling at du møter opp i god tid i forkant for å unngå kø ved billettkontoret. 

BILLETTPRIS
Hovudtribune
Vaksen - 150kr
Barn/ honnør/ student - 100kr
VIP privat - 550,- (inkl. kampbillett, mat og drikke før kamp, og dessert i pausen) *Frist onsdag kl. 12.00!
 
Sparebanken Møre tribunen
Vaksen - 100kr
Barn/ honnør/ student - 50kr
Bortesupportar - 100kr
 
Blåsartribunen
Blåsar - 50kr
 

Tilreisande bortesupporterar vil kunne kjøpe billett på FELT J på Sparebanken Møre tribunen. 

MÅLKLUBBEN
20. og 27. november skal det spelast to ekstremt viktige kvalik-kampar og vi treng all den støtte vi kan få på veg mot OBOS-ligaen 2022. No kan du vere med å gi gutta ekstra støtte og motivasjon til å sikre opprykket ved å bli med i MÅLKLUBBEN.
 

Les meir om målklubben her!


Vi er spenna klar for kvalifiseringskamp til OBOS-ligaen og håper også du tek turen denne dagen å støttar dei blåkvite til avansement til siste og avgjerande kvalifiseringsrunde!

Vi ønsker deg hjerteleg velkomen til Høddvoll! 

HEIA HØDD!

 

Annonse: