Ola Lerheim Olsen signerer for Hødd
Hødd Fotball har gleda av å kunngjere at Ola Lerheim Olsen har signert kontrakt med klubben ut 2027. Toppfotball
Ola har ved fleire høve i løpet av 2025 trent med Hødd sitt A-lag, og har vist ei tydeleg utvikling frå første besøk til det siste i november. Han er ein anvendeleg spelar som i 2025 har spelt 3. divisjon for Fjøra.
Jesper er godt nøgd med signeringa:
– Ola har vist både ferdigheiter og ei positiv utvikling i dei besøka han har hatt hos oss, noko som gjer at vi no med glede ønskjer å få han i blått og kvitt. Dette er ein ung spelar som i Hødd skal få halde fram utviklinga si saman med laget og teamet. Velkomen til Hødd, seier dagleg leiar og sportssjef Jesper Törnqvist!
Hødd Fotball ønskjer Ola velkomen til klubben og ser fram til å følgje utviklinga hans i åra som kjem.