Ola Christoffersen til minne

Hødd-historikar Arne Flatin skriv følgande.

Annonse:

Ola Christoffersen (81) er død. Han var ei markant personlegheit både i Hødd og i bygda i mange tiår. I Hødd er han mest kjend for å vere trenaren som leia Hødd opp frå nivå 3 (3.divisjon i 1964) til nivå 2 (2.divisjon i 1965) til nivå 1 (1.divisjon i 1966). Berre dette i seg sjølv er ein unik prestasjon. Trenaren si rolle i eit fotballag var naturlegvis annleis enn i dag, men Ola skal ha all ære for den gode jobben han gjorde. Han kom også tilbake til Hødd som trenar ti år etter i 1976 og 77, og Hødd sin sesong i 76 var den beste etter nedrykket frå toppdivisjonen i 72. Ola var ein skulert trenar og tok både A, B og C-trenarkurs før han i 1966 vart innkalla av NFF til å ta elitekurset for å bli D-trenar. Ola Christoffersen (81) er død. Han var ei markant personlegheit både i Hødd og i bygda i mange tiår. I Hødd er han mest kjend for å vere trenaren som leia Hødd opp frå nivå 3 (3.divisjon i 1964) til nivå 2 (2.divisjon i 1965) til nivå 1 (1.divisjon i 1966). Berre dette i seg sjølv er ein unik prestasjon. Trenaren si rolle i eit fotballag var naturlegvis annleis enn i dag, men Ola skal ha all ære for den gode jobben han gjorde. Han kom også tilbake til Hødd som trenar ti år etter i 1976 og 77, og Hødd sin sesong i 76 var den beste etter nedrykket frå toppdivisjonen i 72. Ola var ein skulert trenar og tok både A, B og C-trenarkurs før han i 1966 vart innkalla av NFF til å ta elitekurset for å bli D-trenar. 

Ola var også med på gjenskape handballmiljøet i Hødd rundt 1967 saman med Einar Waage. Han var i fleire periodar aktivt med som trenar for ulike handballag i Hødd. På 80-talet var han også tilbake som trenar, då for aldersbestemte fotballag.

Ola var også leiar for hovudstyret i IL Hødd i tre år (1983-1985). Han fekk til saman notert 20 år som tillitsvald og fekk for det utmerkinga Tinnfatet. For øvrig var Ola godt kjend for mange ulsteiningar som rektor ved Ulstein ungdomsskule og seinare som skulesjef i kommunen.

Annonse fra Obos-ligaen: