OBOS Camp i vinterferien

Hødd Fotball inviterer gutar og jenter til OBOS Camp i vinterferien!

OBOS CAMP

Hødd Fotball har gleda av å invitere til OBOS Camp i haustferien for jenter og gutar i aldersgruppa 1.- 6. klasse.

Kompetente og engasjerte trenarar frå Møreakademiet og spelarar på seniorlaga vil ha øktene. Hødd Fotball ønsker å bidra til ei god veke med trening.

OBOS Camp er ein heilt ny nasjonal fotballcamp der utvikling, meistring og fotballglede står i fokus. Campen er prega av innhald med høg kvalitet, kompetente trenarar og instruktørar, og mykje aktivitet. OBOS Camp skal vere ein arena for spelarar som ønsker å utvikle både sportslege og mentale ferdigheiter, samt eigen evne til å samarbeide med andre.

Det vert ikkje stilt krav til sportsleg nivå for deltaking på OBOS Camp. Det vert forventa at spelarane er motiverte, samt har ein vilje og eit ønske om å lære. OBOS Camp er ein utviklingsarena for alle som ønsker å ta ytterlegare steg, uavhengig av noverande nivå. Øktene vil krevje konsentrasjon og fokus, samtidig som dei vil vere lærerike og morosame for alle.

Ein typisk dag på OBOS Camp består av to fotballøkter på feltet, samt eit måltid. Kvar dag har eit eige sportsleg tema som øktene tek utgangspunkt i. Fotballøktene før lunsj har fokus på trening og deløvingar rundt dagens tema, mens fotballøktene etter lunsj består av ulike kampformer til same tema.  

Les meir om OBOS Camp her!

Praktisk informasjon

Dato: 19.- 21. februar
Tidspunkt: 10.00 - 14.00 alle dagar
Stad: Høddvoll / Ulsmohallen
Deltakaravgift: kr. 990,-
Antal plassar: 75 deltakarar
 

Deltakaravgifta inkludera lunsj (brødmat m/ pålegg), og frukt. I tillegg mottek kvar enkelt deltakar årets OBOS Camp-gensar + bukse og Select-ball.

Påmelding her!

 

Vi håper å sjå deg på OBOS Camp i vinterferien!

Annonse: