OBOS Camp i vinterferien

Hødd Fotball inviterer gutar og jenter til nasjonal fotballcamp i vinterferien!

OBOS-Camp er ein nasjonal fotballcamp for barn og unge i aldersgruppa 6-12 år. Her vil det vere fokus på positive fotballopplevingar, heilheitleg utvikling og samhandling i fokus.

I vinterferien vil Hødd Fotball arrangere OBOS Camp over tre dagar (måndag - onsdag). Her vil Hødd stille med flinke instruktørar og øvelsane som skal gjennomførast under campen er skreddarsydd av NTF (Norsk Toppfotball).

Det blir gratis lunsj alle dagane, og deltakarane vil få utdelt t-skjorte og ball levert av OBOS!

Dato: 20.- 22. februar
Oppmøte: Frå kl 09.45
OBOS-Camp: 10.00-14.00
 

Alle treningane vil gå i Ulsmohallen.

Pris for 6 fotballøkter, lunsj, t-skjorte og ball er kr. 900,-. 

Påmelding i Spond her!

Vi håper å sjå deg på OBOS Camp i vinterferien!

Annonse: