
OBOS Camp i haustferien
Hødd Fotball inviterer gutar og jenter til OBOS Camp i haustferien! OBOS Camp
OBOS CAMP
Hødd Fotball har gleda av å invitere til OBOS Camp i haustferien for jenter og gutar i aldersgruppa 1. - 6. klasse.
OBOS-Camp er ein nasjonal fotballcamp i regi av Norsk Toppfotball og OBOS. Campane blir gjennomførte hos klubbar over heile landet, og har fokus på utvikling, trivsel og inkludering.
Målet med OBOS-Camp er å tilby trening av høg kvalitet til alle, uavhengig av ferdigheitsnivå og økonomi. Det vil òg bli brukt tid på utvikling av mentale og sosiale ferdigheiter. Det vil bli stilt krav til deltakarane si læringsvilje og fokus. Spelaren bør difor sjølv vere motivert for å delta på campen.
OBOS-Camp er open for alle, uansett klubbsamhald og ferdigheitsnivå. Einaste føresetnad for påmelding er vilje til og ønskje om å lære.
Trenarar på campen vil vere trenarar i MøreAkademiet + spelarar på våre ungdoms- og seniorlag.
Praktisk informasjon
Deltakaravgifta inkluderer lunsj alle dagar, samt årets OBOS-Camp-bukse + genser og årets Select-ball.
Det er ei avgrensing på 100 plassar – ver tidleg ute med påmelding.
Påmelding her!
Vi håper å sjå deg på OBOS Camp i haustferien!