Trenarteamet på plass

Sindre Eid blir ny hovudtrenar for Hødd - han får med seg Arild Sundgot, Ronny Osnes og Frode Gjerde.

Under dagens pressekonferanse var det knyta stor spenning for kven som skulle trene Hødd i 2017. 

Eg ser veldig fram til å få vere med å bygge opp eit nytt sterkt Hødd-lag, saman med Arild, Ronny og Frode.

— Sindre Eid
Sindre Eid går inn som ny hovudtrenar igjen etter eit år pause frå toppfotballen. Han har det siste året trena rekruttlaget til Hødd. Med seg får han Arild Sundgot som har våre assistenttrenar for Lillestrøm SK i år. Sundgot flyttar derfor heim til Ulsteinvik etter 20 år. 

Ronny Osnes og Frode Gjerde blir også med vidare og med alle fire på plass, så utgjer dette eit solid trenarteam med mykje erfaring og kompetanse. 

Les heile pressemeldinga under.

Motivert for å bygge lag

Styreleiar i IL Hødd Fotball, Håvard Haanes, er veldig godt fornøgd med at klubben har fått på plass trenar-teamet for 2017-sesongen:

«Det er ein gledens dag på Høddvoll når vi kan presentere Sindre, Arild, Ronny og Frode som Hødd sitt trenar-team for 2017-sesongen. Alle har stor kjennskap til klubben, og sjøl om Arild har vore på «lån» i Lillestrøm SK i 20 år, så var det på Høddvoll han vaks opp, fikk sitt gjennombrot, og lærte seg Hødd-kulturen i fotefara etter faren og Hødd-legenda Otto Sundgot. Med Sindre i spissen som hovudtrenar, er denne gjengen svært motivert for å bygge lag, treningskultur og utvikle enkeltspelarar som skal ta nye steg i åra som kjem. Vi ser framover, vi ser muligheitene, og vi skal i god Hødd-ånd jobbe knallhardt saman for at 2017 skal bli eit godt Hødd-år, avsluttar Hødd sin nye styreleiar».

Dette handlar om teamarbeid, om å spele kvarandre gode, legge lista for spelarane og stake ut kursen, slik at alle veit kvar vi skal og kva som må til. Sindre Eid
Dette handlar om teamarbeid, om å spele kvarandre gode, legge lista for spelarane og stake ut kursen, slik at alle veit kvar vi skal og kva som må til. Sindre Eid

Mange unge svoltne spelarar i Hødd

«Eg ser veldig fram til å få vere med å bygge opp eit nytt sterkt Hødd-lag, saman med Arild, Ronny og Frode. Sjøl om eg blir hovudtrenar, handlar dette om teamarbeid, om å spele kvarandre gode, legge lista for spelarane og stake ut kursen – slik at alle veit kvar vi skal og kva som må til. Hødd-kulturen er tufta på hardt og målbevisst arbeid, og det skal kjenneteikne oss både i treningsarbeidet og når vi tek på drakta og skal ut i kamp. Vi har mange unge svoltne spelarar i Hødd med spanande kvalitetar, i tillegg har vi spelarar med erfaring som skal vere med å bidra til stabilitet, slik at vi blir eit sterkt kollektiv, avsluttar Hødd sin nye hovudtrenar».

Annonse fra Obos-ligaen: