NY TRENINGSKAMP FREDAG

Fredag kl. 19:15 er det klart for årets andre treningskamp mot Spjelkavik. Kampen går på Color Line Stadion.

Annonse:

Forrige fredag spelte Hødd sin fyrste treningskamp borte mot Herd på AMFI Moa Stadion. Der vann Hødd 2-4 i ein periodevis god kamp. Der vi fikk sjå igjen ein del av det som har blitt jobba med i treningsveka.
 
Vi har stilt Sander og Jesper eit par spørsmål til kampen.
 
Forrige fredag fikk laget ei god gjennomkøyring mot Herd. Er det noko du ser spesielt etter i denne kampen kontra forrige kamp, Sander? Nye spelarar?
 
-      Eg håpar at vi vidareutvikla og forbetra gjenvinningspresset som vi har fokusert mykje på så langt. Vi var framoverretta og forsøkte å køyre overgongar mot Herd og håpar på å fortsette med det, samtidig har vi jobba med bearbeidingsfasa denne veka og vil sjå igjen det i spelet. Det beherska vi ikkje like godt i kampen mot Herd.
Vi har med oss ein prøvespelar i Arnar Gudjónsson (Midtstoppar) i frå Strømsgodset som vi ser fram til å sjå i kamp.
Jens Husebø (Midtstoppar) frå Viking som var her i forrige veke er også tilbake og blir med på kampen.
 
Spelarane har kvar sin gps som blir brukt på alle treningane og i kamp. Dermed har trenarane full kontroll på kor mykje ein spring og belastninga til kvar enkelt spelar. Korleis ser dei tala ut i forhold til kor dei skal ligge i januar? Er det nokre nye skadar?
 
-      Det er litt vanskelig å få eit skikkelig svar i og med at vi trenar inne i Ulsmohallen. Men intensiteten er høg og vi må passe på belastningane til spelarane til ei kvar tid.
Isak og Bendik har slitt litt med sjukdom og Johannes er ikkje heilt bra i ryggen, men ellers er dei fleste klare til kamp.

Vi skulle eigentleg spele borte mot Sogndal fredag, men den kampen blei avlyst!

Annonse fra Obos-ligaen: