Ny trener, med nye ideer, klar for oppkjøring til ny sesong

Ny trener er på plass og A-laget begynner oppkjøringen til ein ny sesong. Vi tok en prat med Marius Bøe om hans tanker rundt oppkjøringen og den nye fotballfilosofien han bringer inn i klubben.

A-laget startar opp med trening i dag, fortel om økta?
-       Det blir først og fremst ein «komme i gang økt». Folk har forhåpentlegvis gjort ein god jobb i ferien sin. Men vi kommer til å teste litt, vi kommer til å kjøre ein jojo test der vi ser litt korleis det ser ut. Åso blir det eigentleg ei heilt roleg økt med litt boksspel og possession så er det eigentleg nokk i dag. Så jobbar vi videre i morgon og på fredag før vi tar helg.
 
Fortel litt meir om oppkøyringa og planane framover?
-   Først og fremst er det jo i dag å bli kjent med spelarane, møte dei i dag og få litt oversikt, kor dei står. Og så er det jo utifrå litt test resultat og kor gruppa står, så er det å begynne å jobbe inn mot det som vi ønsker å vise igjen her ut på stadion etterkvart. Det blir ein tøff pre season med masse trening, masse jobbing på felt, video. Så skal vi utover laget eit godt spillkonsept som vi håper kan underholde og begeistre folk her i Ulsteinvik. Men att det blir tøffe veker framover, det kan eg love deg.
 
Veit du nokke om kor mange spelera som er i gruppa no?
-       Når vi telte opp i vår så er det vell ein 18 spelarar som er på trening i dag. Det er og litt hospitantar som skal ver med oss og unge spelera frå klubben som skal få vise seg fram som er veldig positivt. Også er det garantert spelera utanfrå som ønsker og komme inn og vise seg fram. Det er jo sånn i desse dagar Vi blir nedringt av foreldre, agentar og klubbar som har spelera som de ønsker å vise frem til oss. So det er ein fase vi begynner å kartlegge litt, men vi er opptatt av å sjå «eigen grend» først.
 
Kan folk komme å sjå på trening?
-       Ja. Så mange som mogleg, bare å fylle opp heile hallen så mange vi får inn i hallen. Alle er hjarteleg velkommen. Det er slik Hødd skal være. Vi skal være en open og inkluderande klubb. For oss veldig kjekt viss det kjem folk, vi kommer til å ha treningstart 1530 om dagane Så det er bare å kome!
 
Litt meir om deg, kva e det du kjem til klubben med? Hvilken fotballfilosofi tar du med deg?
-       Først og fremst vil eg sjå på meg sjølv som ein utviklingsorientert trener, som likar å ha med unge spelera, og få fram unge lokale spelera og unge spelera generelt. Eg ønsker og ha ein veldig god treningskultur. Det skal vere med glede, så skal det vere godt utviklingsmiljø. Folk skal trene masse og med kvalitet sjølvfølgeleg. Vi skal ha  ein klar måte å trene og spele på. Og det er det som gjer at dagane blir mykje planlegging og masse diskutering. Vi kommer til å bruker mykje videoverktøy til å sjå på både økter og treningskampar framover for å sjå best mogleg skjerpa ut når sesongen startar.
 
Er det nokon formasjon eller formasjonar du ser for deg?
-       Formasjon er ofte bare tal. Men det vi ønsker å sjå vertfall her med dette Hødd laget er at det skal vær eit lag som angriper med masse folk, og vi ønsker å være eit lag som står høgt i bane og vær mest mogleg på mostanders banehalvdel. Det er ein krevjande måte å spele på, men har heldigvis ein god pre season til å jobbe med. Men at vi skal ver eit lag som skal prøve å spele ein fotball som begeistre folk og folk synst er moro å sjå oss spela. Det er framover fotball, spel heller fram en bak. Press gjerne høgt, må vi ned so må vi ned. Det handlar om å komme seg raskast mogleg opp igjen. Det er ein krevjande spelemåte, men eg trur folk synst det kan ver kjekt og komme å sjå.
 
Lykke til med økta seinare!
-       Takk for det!
 
Info om treningskamper
Du kan sjå Marius Bøe lede Hødd i sesongoppkjøringen. Det blir kampar på Høddvoll mot Kristiansund, Brattvåg og Træff dei 3 første helgene i februar. 
 
Fredag 02.02: Hødd - KBK
Lørdag 10.02: Hødd - Brattvåg
Lørdag 17.02: Hødd - Træff

 

Annonse: