Ny toppkamp på Høddvoll!

Laurdag 18.00 smell det igjen på Høddvoll når Asker kjem på besøk.

16.00 opnar landet, og 18.00 sparkar vi i gong kamp på Høddvoll. Kva er vel betre enn å feire med toppkamp i nydeleg vêr?

Hødd er i god form før laurdagens oppgjer, med tre sigrar og éin uavgjort på dei fire siste kampane. 14-3 i målforskjell vitnar også om eit Hødd-lag i form.

- Forma er god, og vi skal bygge vidare på gode prestasjonar frå dei siste kampane. Men vi veit at gode prestasjonar ikkje kjem av seg sjølv, så vi skal ikkje verte komfortable, seier Hødds nummer 14, Eirik Franke Saunes.

Kjøp kampbillett her

Sjølv om det sist heimekamp vart 0-0 mot Kongsvinger, var det folkefest og god stemning på Høddvoll. Det håper vi kan gjenta seg i nok ein viktig kamp for Hødd.

- Sjølv om alle kampar er like viktige, så er det noko ekstra å forberede seg til desse kampane på Høddvoll. Vi hadde ein god opplevelse mot Kongsvinger med mykje folk på tribuna sist. Sjølv om det berre vart eitt poeng den gongen, så gav den gode stemninga noko ekstra, seier Eirik.

På laurdag kan Høddvoll fyllast opp igjen.
På laurdag kan Høddvoll fyllast opp igjen.

Med siger over Asker, kan Hødd få ei lita luke til laga bak og feste grepet om topp to. Det kan likevel verte ein vanskeleg kamp mot eit poengjagande Asker-lag.

- Vi veit kva Asker kjem med og korleis dei spelar, så vi skal vere godt budde. Men so vi har som vanleg fokus på oss sjølve, og som i alle andre kampar så går vi for tre poeng, konkluderer Saunes.

Kampen ser du på Høddvoll, men dersom du ikkje har muligheit til det, kan du sjå den på Vikebladet eller Sunnmørsposten.

Vi har også trekt vinnarar av gratis kampbillett og dei heldige vinnarane av to kampbillettar kvar er:
- Kjetil Sundal og Acsharan Senthilkumar

Billettane kan hentast på billettkontoret før kamp (frå 16.30).

Vi sjåast på Høddvoll!

Annonse: