Ny siger for Hødd Dame rekrutt
Torsdag 5.mai spelte Hødd Dame Rekrutt sin andre bortekamp i serien, og denne gangen var det Stranda/Sunnylven som var motstandaren.
"Dei var gode, men igjen møter vi eit so kalla kick'n run lag slik som fleire lag i divisjonen. Men likevel har vi full kontroll gjennom heile kampen, sjølv om nokon av spelarane vart litt stressa" seier Øystein Bohinen Muren med eit smil om munnen etter at kampen enda 5-1 til Hødd-jentene.
Hødd starta med Gro-Elise Aksnes i mål, som hadde svært lite å gjere på under kampen. Olea Flø Larsen, Johanne Rise Kvalen og Sigrid Petronille Pedersen var trearen som starta i forsvar, og sørgja for at Gro-Elise fikk lite arbeid. Som vår tidlegare trenar Robin Shroot lærte oss, spelar vi med ein diamant-formasjon på midtbana. Vår defensive midtbane var Kethleen Lorenzo, som hadde med seg Cecilia Bakke på venstresida og Rebecca Eikrem Sande på høgre. Oline Marø Sundgot som offensiv midtbane. I tillegg stiller vi igjen med ein sterk fremre trear som bestod av Thea Ertesvåg, Ine Sleipnes og Stine Marø Sundgot.
Første omgang starta med ein av dei betre "Hødd-startane", der Stranda har litt meir kontroll og står litt høgare enn vi ønskjer. Etter berre 11 minutt klarer Thea Ertesvåg å få ballen i buret, og dermed stod det 0-1 på måltavla. 10 minutt etter får Stine Marø Sundgot eit perfekt treff på ballen med venstrefoten. Ho aukar dermed stillinga til 0-2, til stor glede for dagens einaste bortesupporter Ronny Brandal. 7 minutt seinare fikk Stranda/Sunnylven sitt einaste mål for kvelden, og stillinga var 1-2.
Etter 30 spelte minutt kjem dagens tre første bytte, ut gjekk Ine Sleipnes, Olea Flø Larsen og Stine Marø Sundgot. Inn kom Pia Brandal, Madelen Gustavsen og Anna Nerland Aahjem. Med nye krefter i laget skaper vi mange fine sjansar men keeperen til Stranda/Sunnylven står som ein vegg i mål. Dermed gjekk vi til pause med ein éit-måls leiing.
I pausa gjorde vi berre eit bytte, og der Olea Flø Larsen kom inn igjen etter ein liten pust i bakken. Ut gjekk Rebecca Eikrem Sande. Vi starta andre omgang forrykande bra, og Stranda/ Sunnylven hadde kun ein sjanse i løpet av kampen. Der var vi svært heldige etter at Gro-Elise Aksnes var ute på 20-meter og ein av Stranda/Sunnylven-spelarane løfta ballen fint over Gro-Elise. Heldigvis for Hødd kjem Sigrid Petronille Pedersen og reddar ballen på strek. Etter 70 harde og slitsame minutt, skyter Oline Marø Sundgot eit forrykande skot som går i tverra, ned på strek og så sprett ut.
I andre omgang klarer vi å score heile 3 mål. Anna Aahjem stod igjen med heile 2 mål, medan Oline Marø Sundgot scora éit mål.
Vi takkar Stranda/ Sunnylven for ein god match, og ønskjer dei lykke til vidare i sesongen. Neste kamp for Hødd-jentene er allereie om ei veke, då er det nemleg lokaloppgjer mot Hareid sitt Damelag. Akkurat no er det Hødd som toppar tabellen med ein målforskjell på 16 pluss mål. Hareid ligg rett under med like mange poeng som Hødd, men med dårligare målforskjell. Vi gleder oss til kampen, og håper så mange som mulig kjem å støtta laget i neste kamp.
Kampen enda med 5-1 siger til Hødd Dame rekrutt.