Nye moglegheiter onsdag

Vi held fram med det tette kampprogrammet, og møter Bærum på Sandvika Stadion.

Herrelaget spelte 1-1 mot Alta i sist kamp etter å ha pressa i heile den andre omgangen. Det gav uttelling i eitt mål, men dessverre ikkje to. Dermed står vi med åtte poeng av 12 moglege etter dei fire første serierundene, og er framleis ubeseira.

- Vi sleit litt i starten mot Alta, men vi tok kontroll i andre omgang og hadde moglegheita til å ta alle tre poenga. Dessverre fekk vi ikkje god nok uttelling denne gongen, og fekk dermed berre eitt poeng, seier Magnus Bruun-Hansen.

Hødd har slitt litt i første delen av kampane, men har komt sterkt tilbake i samtlege andre omgongar. Det viser både at vi har ei sterk tropp og god moral.

- Det er veldig positivt! Det vitnar om godt samhold og også kvaliteten i gruppa. Både felles prestasjonar og gode enkeltprestasjonar har snudd kampane. Men det er uansett viktig at vi er klar frå start framover så vi slepp å måtte justere i pausene, seier Magnus.

Tøff bortekamp

I likskap med Asker har også Bærum eit kjent ansikt på sidelinja i Jan Derek Sørensen. Onsdagens motstandar har vunne to og tapt to kampar på sine fire forsøk. Dei har tapt mot Alta og Kongsvinger, som begge er venta å kjempe i toppen. Magnus trur derfor at det blir nok ein tøff kamp.

- Det blir ein tøff bortekamp på ein arena som ikkje er den beste. Vi gjer ikkje noko anna av den grunn, og vi skal bruke moglegheita til å bygge vidare på den gode andre omgangen mot Alta.

Kampen blir spelt på Sandvika Stadion onsdag 17.00 og er du i området er du sjølsagt hjarteleg velkomen. Om ikkje, kan du som vanleg sjå den på Vikebladet eller Sunnmørsposten

Heia Hødd!

*Neste heimekamp er allereie komande søndag, 11. juli, mot Kvik Halden. Kampen går 13.00 på Høddvoll.

Annonse: