Ny klubbkolleksjon 2026 – klubbkveld på Høddvollhuset

Velkomen til lansering av ny klubbkolleksjon for 2026.

Annonse:

I samarbeid med Puma og Intersport lanserer vi ein heilt ny klubbkolleksjon for sesongen 2026. Den nye kolleksjonen vil vere tilgjengeleg til gode klubbprisar, og her kan spelarar og føresette bestille alt dei måtte trenge til den komande sesongen.

Vi inviterer derfor alle spelarar og føresette i barnefotballen, ungdomsfotballen og Møreakademiet til klubbkveld der de kan sjå, prøve og bestille den nye kolleksjonen.

📍 Stad: Høddvollhuset
📅 Dato: Torsdag 5. mars
⏰ Tid: Kl. 18.00–20.00

Her vil de få moglegheit til å prøve størrelsar, sjå alle produkta i kolleksjonen og bestille det de ønskjer til fin klubbpris. Representantar frå Intersport vil vere til stades og hjelpe med bestilling og spørsmål.

Bestillingane vil bli gjort i god tid før sesongstart slik at alle har utstyret klart til ein ny og spennande fotballsesong.

Vi håpar å sjå mange spelarar og føresette innom!

Annonse fra Obos-ligaen: