Ny heimekamp for damelaget

Laurdag 13.00 tek Hødd imot Rosenborg 2 til den sjette serierunda i 2. divisjon.

Damelaget gjekk på nok eit knepent tap mot Tynset forrige helg, og står dessverre framleis utan poeng denne sesongen. Dette var deira tredje(!) 3-2-tap for sesongen, noko som vitnar om fleire jamne kampar.

I botnen er det fire lag som har eitt eller null poeng, så det er gode sjansar for å stå i divisjonen for damene. Men sidan det berre er enkel serie så er det berre fire kampar å gjere det på. Etter laurdagens kamp skal Hødd møte dei tre hittil svakaste laga denne sesongen.

No på laurdag er det Rosenborg 2 som kjem på besøk. Det kan bli ein tøff kamp då dei har vunne tre av sine fire kampar i serien (dei har ein kamp til gode). Likevel skal Hødd ha trua på å ta sine første poeng på laurdag. Alle dei knepne tapa har nemleg komt mot RBK 2 sine tabellnaboar, både over og under dei på tabellen.

Dette kan vere ein kamp Hødd treng litt ekstra støtte i kampen for tre poeng. Kampen går på Høddvoll og startar 13.00 på laurdag, og det vert både kiosk og speakerteneste. Start gjerne laurdagen med å heie damene fram til seier på Høddvoll.

Velkomen til kamp!

Hødd-Rosenborg 2

  • Høddvoll, 13.00

Annonse: