
NRK treng statistar til Hødd-Odd 2
Håper DU vil vere statist på TV-serien «Hjemmebane» på søndag.
NRK skal filme tribunebilder under Hødd sin kamp mot Odd 2 på søndag, og treng så mange statistar som mulig til ein del spesialscener.
Både store og små er invitert til å stille, og gjerne heile familier om mulig. Dei som har muligheit kan stille kl. 13.00 utanfor Billettkontoret til ein del scener før kamp, men det vert også muligheit for å møte kl. 15.00 for dei som vil møte opp nærmare kampstart. Også då er det oppmøte utanfor billettkontoret på Høddvoll, og alle statistane får utlevert gratisbillettar til kampen.
Så håper vi at mange stiller opp på filmscenene, som også vil fortsette under kampen. Kampstart er for øvrig kl. 16.00. Velkomne!
NRK set pris om at dei som stiller som statistar, gir beskjed på forhånd ved å sende ein mail til: [email protected].