NRK søkjer fotballfolk
"Hjemmebane" køyrer info/registreringsmøte på Høddvoll laurdag kl. 14.00.
NRK si storsatsing "Hjemmebane" treng fotballfolk til sin nye serie. Søndag kan du melde di interesse til å bli med.
Celine Engebrigtsen i Stella Casting skriv følgande:
- Vi vil veldig gjerne treffe alle i Ulsteinvik som driv med fotball eller har gjort det tidlegare: spelarar , trenarar, lagleiarar og alle som på nokon måte har noko med fotball å gjere, i absolutt alle aldrar.
Vi leiter etter folk til småroller m/replikk, småroller, statistar og ikkje minst fotballspelarar til det fantastiske laget Vargdal!
Vi tenkjer å ha et info/registreringsmøte berre for fotballfolk lørdag 14. januar kl. 14.00 i storsalen på Høddvollhuset (må ikkje forvekslast med anna møte for folk flest søndag kl 12.00 på Sjøborg).
"Hjemmebane" vert spelt inn på Høddvoll, og i hovedrollene finn vi blant anna John Carew og Ane Dahl Torp. Bli med i serien du også!