
Magne: - Vi er bra i rute til å klare krava
Hødd har denne veka igjen hatt besøk og oppfølging frå Norsk Toppfotball og vår rettleiar Hugo Pereira. Møreakademiet
Torsdag stod trenarforum i fokus, der det vart gjennomført ei praksisøkt på feltet med Hugo i spissen før trenarane samla seg til diskusjon og refleksjon etter økta. I tillegg til trenarane i Akademiet og andre interne trenarar, så hadde fleire trenarar frå naboklubbane teke turen. Dette er ein del av styrkinga av samarbeidet mellom klubbane i området på spelarutviklingssida.

Fredagen stod akademiklassifiseringa i fokus og jobben mot sertifisering for to stjerner.
Akademileiar Magne Elde fortel at det har vore jobba godt av heile Akademigjengen og at vi er i bra rute til å klare krava.
Med framleis høg "intensitet" utover hausten, så har vi stor tru på at vi skal klare målet vårt om å oppnå to stjerner, avsluttar ein optimistisk Elde. Det endelege svaret får vi litt lengre ute på hausten.




