
Norsk Toppfotball på besøk
Fredag 16. mai fekk vi kjekt og spennande besøk frå Norsk Toppfotball på Høddvoll. Toppfotball
På biletet frå venstre ser vi: Jens Haugland (NTF), Jesper Törnqvist, Magne Elde og Erik Hoftun (NTF).
Dagleg leiar Jens Haugland og Sportssjef Erik Hoftun er fortida rundt i Toppklubbane for å hauste erfaringar, diskutere og lytte på klubbane.
Etter opprykket til OBOS-ligaen igjen, så er Hødd Fotball no inne igjen i NTF sitt Akademisystem.
Dette gjev oss både utfordringar, men ikkje minst moglegheiter.
Sportssjef Jesper Tørnquist og Akademileiar Magne Elde fortalde og informerte om korleis Hødd tenker og jobba, og kva utfordringar vi som ein av dei minste klubbane i Norge i Toppfotballen opplever.
Vi takkar NTF for besøket og den gode dialogen og ser fram til vidare godt samarbeid.