
No starta Bykampen
Bykampen med Molde, KBK, AaFK og Hødd. Toppfotball
Kven er dei beste supportarane i fotballfylket Møre og Romsdal?
No går startskotet for Bykampen, der Molde, KBK, AaFK og Hødd konkurrerer om å ha dei mest engasjerte supportarane i fylket.
Det blir ein kamp mellom nordmøringar, romsdalingar og sunnmøringar som vil gå føre seg gjennom heile sesongen. Kven har det som trengst for å slå nabobyane?
– Vi samarbeider om konkurransen, men på bana og tribuna er det full rivalisering som gjeld. Vi håpar å vekkje konkurranseinstinktet til supportarane, der vi alle prøver å slå nabobyane.
På fotballens nasjonaldag 16. mai blir kampane Molde–Kristiansund på Aker Stadion og Aalesund–Hødd på Color Line Stadion. Med desse to lokaloppgjera som utgangspunkt startar klubbane ein konkurranse om å ha størst prosentvis auke i tilskodartal utover i sesongen. Konkurransen skal gå føre seg resten av året.
– Ein kjenner på kjensla når desse lokaloppgjera kjem – det er ekstra deilig å slå naboen! Det er ein stoltheit over eigen by og eige lag, og det er desse kampane det gjerne blir snakka om i fleire år framover Vi vil ha meir rivalisering og kjenne på denne kjensla gjennom heile sesongen. Med Bykampen handlar det om at innbyggjarane mobiliserer for sitt lag, for sin by.
Ein tabell med stillinga i Bykampen vil bli oppdatert gjennom sesongen og publisert av dei fire klubbane. Slik kan alle følgje med på korleis dei ligg an samanlikna med dei andre byane.
– Vi er spente på kven som har dei beste supportarane i fotballfylket Møre og Romsdal!
