No har Hødd flytta inn på Alti Blåhuset!
Hødd har fått sin eigen butikk i andre etasje på Alti Blåhuset. Fredag opnar vi dørene og ønskjer alle Høddarar velkomne innom! Hødd-butikken Toppfotball Billettar og kampdagsinfo
Det har vore nokre dagar med planlegging, rigging og førebuingar. No er butikken på plass, og frå fredag 27. november kan du finne Hødd midt i sentrum av Ulsteinvik.
Her har vi fylt hyllene med blå og kvite favorittar, supporterutstyr og gode julegåver til Høddarar i alle aldrar. Ein av nyheitene er årets Hødd-julekule – kanskje den perfekte gåva til ein som har eit blått hjarte?
Sikre deg sesongkort for 2027
I butikken kan du også kjøpe sesongkort for 2027. Fram til 20. desember får du 20 prosent earlybird-rabatt. Det er med andre ord eit godt høve til å sikre seg plass på Høddvoll til neste sesong.
Ta turen innom!
Vi håpar butikken blir ein naturleg møteplass for Høddarar i vekene fram mot jul. Her vil du møte folk frå klubben, få med deg ulike aktivitetar og kanskje treffe på ein eller fleire av A-lagsspelarane.
Vi ønskjer også å kome i kontakt med fleire som vil bidra som frivillige gjennom Team Høddvoll, vår nye satsing for å skape gode kampopplevingar i 2027.
Butikken held ope fram til 20. desember.
Velkomen innom for ein handel, ein Hødd-prat eller berre for å slå av ein prat med oss!
Vi sjåast på Alti Blåhuset!