NIKOLAS BRANDAL OG SYVER SKUNDBERG SKEIDE HAR SIGNERT

Nikolas Brandal og Syver Skundberg Skeide har signert kontrakt med Hødd.

Nikolas Brandal kom til Hødd frå Hareid i 2018. I 2020 hospiterte han på trening med A-laget og fekk debuten sin heime mot Vålerenga 2 i september. 

Syver Skundberg Skeide har gått gradene i Hødd-systemet. Han hospiterte med A-laget i 2020-sesongen. Han debuterte på seniornivå for Hødd 2 i 2019 mot SIF/Hessa. I tillegg har han spelt ein treningskamp for A-laget.

Nikolas og Syver blir no ein del av A-stallen til Hødd.

Hovudtrenar Kevin Knappen seier dette i ein kommentar:
- Vi er glade for at to unge Hødd-rekruttar tek steget opp i A-stallen, Nikolas og Syver har hospitert med A-laget gjennom store delar av 2020-sesongen. Dette er to av fleire talentfulle gutar i Hødd, vi er spente på utviklinga og håpar dei tek steget og kan etablere seg på Hødd sitt A-lag i åra framover.

Vi gratulerer Nikolas og Syver!

 

Annonse: