Møter topplaget

Fredag kveld er det duka for storoppgjer når Hødd 2 tek imot serieleiaren på Høddvoll.

Fredag 18.30 kjem Herd på besøk. Dei har hatt ein forrykande start og står med full pott etter dei første seks kampane sine. Sist runde slo dei Emblem 3-0 på heimebane. Forhåpentlegvis kan Hødd 2 få endra på den gode statistikken deira i kveldens kamp.

Hødd sine rekruttar har spelt berre fem kampar hittil denne sesongen, og har vunne fire av dei. I forrige runde vart det 1-4-seier over Norborg/Brattvåg 2, noko som gir ein fjerdeplass på tabellen. Med det ligg dei seks poeng bak serieleiaren. Dersom det vert seier i fredagens kamp kan Hødd 2 dermed puste serieleiaren i nakken.

Sunnmørsposten skal også vise kampen direkte på sine nettsider, men fotball er alltid kjekkast på stadion. Det vert både kiosk og speakerteneste på Høddvoll, så vi håper du tek turen for å støtte Hødd 2 i denne viktige kampen.

Heia Hødd!

 

Annonse: