Møter god motstand

Dette seier hovudtrenar Marius Bøe før kampen mot Sogndal laurdag.

Første fase av pre-season med 9 veker med tøff fysisk påvirkning, lagbygging og jobben med å skape ein felles forståing av konseptet vårt er over. No går vi inn i ein ny fase, der kampførebuinga til vekas høgdepunkt, kampen, er fokuset.

Vi har i tur og orden god OBOS motstand på programmet dei komande vekene. Sogndal, AaFK og Åsane. Først er det Sogndal som står for tur. Laget spelte 0-0 mot Åsane sist helg, ein kamp der Sogndal var ekstremt kompakte defensivt.

Vi gleda oss til å få møte eit godt OBOS-liga lag, der trenarteamet håpar å sjå eit solid Hødd lag som viser igjen det vi har jobba med. Laget skal vere framoverretta, og jobbe med gode avstandar både offensivt og defensivt.

På spelarfronten ser der bra ut, sjølv om nokre av spelarane har kjent på totalbelastninga, og har jobba alternativt saman med fysisk trenar Alexander Nevstad dei siste dagane.

Håper å sjå mange med blått hjarte på tribuna laurdag kl. 14.00!

Annonse: