Møt Ivan Poulsen på Høddvollhuset

Onsdag klokka 17.00 inviterer Ivan Poulsen Hødd-fansen til ein open og uformell prat om fotball, taktikk og kampplanar.

Annonse:

Ivan vil presentere sine taktiske vurderingar og fortelje meir om korleis han førebur laget til kamp. Det blir også god tid til spørsmål, innspel og ein open dialog med Hødd-fansen.

Alle som vil, er hjarteleg velkomne! Hødd stiller med kaffe.

Dette blir kjekt – vi håpar å sjå mange Hødd-supportarar på Høddvollhuset onsdag klokka 17.00! 💙

Annonse fra Obos-ligaen: