Møt Hødd på Blåhuset i førjulstida!

Frå Black Friday 27. november finn du Hødd i andre etasje på Blåhuset. Her kan du handle Hødd-effektar til jul, sikre deg sesongkort med earlybird-rabatt og slå av ein Hødd-prat fram mot jul.

Annonse:

Vi flyttar Hødd-butikken til Blåhuset og inviterer til ei førjulstid med handel, aktivitetar og gode møte mellom Høddarar.

Fram til 20. desember kan du kjøpe supporterutstyr og kanskje sikre deg årets nyheit – den nye Hødd-julekula!

Samtidig opnar vi salet av sesongkort for 2027. Fram til 20. desember får du 20 prosent earlybird-rabatt.

Meir enn ein butikk

Vi ønskjer at butikken skal vere ein møteplass for alle som er glade i Hødd. Det blir ulike konkurransar og besøk av A-lagsspelarar ved enkelte høve. Dei tilsette i Hødd skal byte på å drifte butikken, og vi håpar mange tek turen innom for ein hyggeleg prat.

Vil du bli ein del av Team Høddvoll?

Vi ønskjer også å bruke førjulsperioden til å rekruttere fleire frivillige til vår nye satsing «Team Høddvoll», som skal bidra til å skape gode opplevingar på kampdagane neste sesong.

Meir informasjon om aktivitetar, spelarar og Team Høddvoll kjem etter kvart.

Vi gler oss til å sjå deg på Blåhuset!

Annonse fra Obos-ligaen: