Møt cupfinaleheltane på Blåhuset laurdag

Det blir 10-års markering av cuptriumfen i 2012 på Blåhuset førstkomande laurdag.

Det er 10 år sidan cuptriumfen og i den forbindelse blir det ei markering av dette på Blåhuset førstkomande laurdag i dei gamle Ringo-lokala i 2. etg, frå kl. 10.00 - 17.00.

Her ønsker vi liten og stor velkomne innom.

Det blir gratis kaffi og kaker, visning av cupfinalen på skjerm, og Blåsarane vil ha sal av supporterartiklar. Frå ca. kl. 14.30 vil ein også møte nye og gamle Hødd-heltar, så ta turen innom!

Tare kjem også innom mellom kl. 14.00 og 16.00. Triksekonkurranse blir det også, og kanskje er du betre til å trikse enn spelarane på A-laget eller nokon av cupheltane?

Hødd vil også ha sal av sesongkort under arrangementet, så har ikkje du sikra deg sesongkort enda til neste sesong i OBOS-ligaen, ja då har du sjansen laurdag.

I tillegg vil Hødd lansere billotteriet der ein kan vinne ein spiltter ny Mazda MX-30 El-bil og fleire andre flotte premiar. Salsperioden for billotteriet vil halde fram ut februar månad, med trekning i mars, men allereie laurdag kan ein sikre seg dei første lodda. Kanskje er vinnaren av førstepremien ein av dei som kjem innom laurdag?

Bli med på ein skikkeleg Hødd-dag på Blåhuset!

Hødd 💙 

Annonse: