Morgontreningar i november og desember
Velkomen til MøreAkademiet sine morgontreningar i november og desember - for dei som vil litt ekstra!
Tilbodet er for alle mellom 10-15år (5-10. klasse), uansett klubbtilhøyrsle.
Det skal gjennomførast 5 økter, kvar torsdag i fem veker, der første økta er 9. november. Treningstart i Ulsmohallen 6:30, fram til ca. 7:45. Spelarane får yoghurt/banan etter økta. Ein har tilgang til garderobe på Høddvollhuset etter øktene.
Temaet på øktene er individuell ferdigheitsutvikling. Treningane blir leia av akademileiar Sverre Hjelle Økland, og Anders Hüttner Pilskog.