Moltu: - Det defensive har vore fokus
Steffen var nøgd med å halde nullen mot Brattvåg.
- Vi har hatt fokus på det defensive den siste tida. Vi har sluppe inn ein del mål i vinter, og mange av dei tidlig i kampane. Difor var det godt å i alle fall halde nullen. I tillegg skapte vi eit par sjansar som vi burde omsatt i skåring, seier Steffen Moltu etter at Hødd spelte 0-0 mot Brattvåg onsdag.
Det var ein jamnspelt kamp på Høddvoll. Brattvåg har vore strålande i vinter, og går inn i årets 3. divisjon som store divisjonsfavorittar. Difor var det ein god test for eit Hødd-lag som har hatt ei utfordrande oppkøyring, men som sakte men sikkert begynner å få skikk på skuta.
- Korleis tenkjer du vi ligg an per i dag Steffen?
- Det er vanskelig å seie. Vi har møtt lag frå Eliteserie og OBOS-liga, samt 3. divisjon, men enno ikkje møtt klubbar som skal spele i PostNord-ligaen. Sjølv føler eg at vi har tatt steg jevnt og trutt dei siste vekene, etter at vi møtte Molde og Florø der vi ikkje var i nærheita. Vi har vore pigge på trening. I kampen i går var vi fortsatt litt prega av ein tøff treningsleir, men vi begynner å nærme oss noko.
Er generalprøva mot HamKam den store referansen vår?
- Ja, den vert veldig nyttig. HamKam har feia all motstand av bana i vinter, både klubbar i PostNord-ligaen og OBOS-ligaen, og går inn i sesongstarten som favorittar i den andre avdelinga. Difor vert det ein flott referanse på kvar vi står per i dag og før årets sesong, ettersom vi veit HamKam er veldig sterke, avsluttar Steffen.
Laurdagens generalprøve mot HamKam har avspark kl. 13.00 på Høddvoll.