
Mjøndalen - 3050 Sunnmøre
3050 Sunnmøre er ein supportergjeng med hjarte for Mjøndalen.
3050 Sunnmøre er ein supportergjeng med hjarte for Mjøndalen som held til her på Sunnmøre, og på søndag kjem dei på Høddvoll for å støtte dei brune når Hødd møter Mjøndalen til Årets Kamp 4. juni. Vi har tatt ein prat med primus motor og “president” Erik Tilseth som starta opp supportergjengen heilt tilbake i 2013.
Kan du fortelje litt om historia til 3050 Sunnmøre, og korleis Mjøndalen har ein eigen supporteravdeling her på Sunnmøre?
- Eg reiste med ein god kamerat til Mjøndalen på deira «Kick-Off» i mars 2013, og vi vart tatt ekstremt godt imot. Derifrå var valet enkelt, og vi konstituerte raskt eit styre, der eg vart valt som «President». Mange trur vi kom til etter den populære serien «Alle Gutta» vart vist på tv, men den vart spelt inn i 2015, så det stemmer altså ikkje. Fotball handlar ikkje om geografi, men lidenskap, og med Mjøndalen så var det god kjemi og full klaff frå dag ein.
Kva er ditt forhold til Hødd?
- Eg er usikker på kva dei andre i supporterklubben meina om Hødd, så eg kan vel berre snakke for meg sjølv. Eg har eigentleg ikkje noko spesielt forhold til Hødd, sjølv om eg er Volding og har vore på ein del kampar, deriblant då Hødd slo RBK ut av cupen på gamlestadion. Eg er jo ein fotballidiot, så eg treng ikkje å vere ihuga fan av noko spesielt lag for at det skal vere kjekt på kamp. Eg trur verken vi, eller dei frå Mjøndalen har noko negativt å seie om Hødd. Tvert om, og vi heiar nok alle litt ekstra på Alfred, men kanskje ikkje på søndag. Eg har fleire gode venar i Hødd, og eg er både imponert og glad for at Hødd klarte å kome seg tilbake i OBOS der dei høyrer heime.
Korleis kjem 10 årsjubileet dykk til å bli markert denne dagen?
- Sjølve jubileet skal vi feire på Brygga Sportsbar, og vi har reservert ein stor del av lokalet, og håpar på ein euforisk og kjekk kveld. Vi veit det kjem ein del folk, men har ikkje noko nøyaktig tal, og folk kjem både med privatbilar, buss og fly. Vi har invitert blåsarane med på feiringa, og reknar med at dei stiller ein fin gjeng. Oppteljinga tek vi på stadion søndag.
Kven stiller sterkast på tribunen i denne kampen, Blåsarane eller 3050?
- Eg har sett og høyrt dei ein del gongar, og jauda, dei kan lage lyd, men personleg meina eg at dei ikkje kan samanliknast med 3050 og Mjøndalen. Som supporterar er 3050/Dala ein god divisjon over Blåsarane, men i akkurat denne kampen kjem vi kanskje til å vere i mindretal, men vi skal gjere vårt beste for at både spelarane og publikum skal høyre oss godt. Vi får berre håpe vi har stemme igjen etter feiringa frå kvelden før.
Korleis trur du kampen ender?
- Eg trur vi vinn både på bana og på tribuna… Knipent, men fortent.