Mirza: - Høddvoll må koke

Mirza er klar i sin tale før heimekampen mot Sogndal søndag!

- Støtta vi har fått frå tilreisande Hødd-supporterar mot Lyn og Stabæk har vore heilt enorm. Det er ein vanvittig boost for oss å høyre Hødd-fansen på tribuna, og slik støtte er fort skilnaden mellom tre eller eitt poeng og null poeng. Eg trur eg snakkar for heile gruppa når eg ynskjer at publikum er litt meir med når vi spelar heime på Høddvoll. Vi ynskjer meir trøkk og fleire Blåsarar som heiar på oss. Målet er å gjere heimebana om til eit fort framover, så Høddvoll må koke mot Sogndal, seier Mirza Mulac.

Vi har teke sju poeng på fem kampar så langt. Korleis vil du vurdere seriestarten?

- Han har vore grei. Vi har vore sterke på bortebane, men litt svakare på Høddvoll. Sjølvtilliten frå bortekampane skal vi ta med oss inn i forberedelsane til Sogndal, så eg trur heimepublikum vil få sjå eit nytt Hødd-lag framover på heimebane.

Kva tenkjer du om dine eigne prestasjonar så langt?

- Eg må seie at eg er nøgd, særleg etter at vi heldt nullen for fyrste gong i førre kamp. Sesongoppkøyringa mi var kanskje ikkje den beste, men eg føler Marius gav meg tillit, og at eg har fått ein fin start på sesongen, seier 19-åringen.

Du debuterte i Obos-ligaen som 17-åring i 2023. Korleis har vegen din vore frå 5-åring i Hødd og fram til A-laget?

- Det har vore mange oppturar og nedturar. Det starta sjølvsagt som leik då ein var yngre. I ungdomstida mista nokre spelarar interessa og slutta, medan andre vart meir seriøse. Eg valde å halde fram, fekk etter kvart nokre år på rekrutt og gjennom det god erfaring med vaksenfotballen. Så fekk eg sjansen med Marius på A-laget, og eg føler eg har grepe den moglegheita.

Korleis skal vi slå Sogndal?

- Vi skal spele vårt spel. Det er eit kjedelig svar, men det er slik vi gjer det. Vi møtte dei i sesongoppkøyringa borte og vann 2-1 då. Vi kjenner laget godt og veit det vert ein tøff kamp. Men vi har alle moglegheiter til å vinne og ta våre fyrste poeng på heimebane. Så håper eg på fantastisk støtte frå Høddvoll-publikum, avsluttar Mirza.

Annonse fra Obos-ligaen: