Minst 500 Hødd-fans ventast til Nye Nadderud
Måndag 27. juli ligg alt til rette for ei skikkeleg fotballfest når Hødd møter Stabæk på Nye Nadderud. Toppfotball Billettar og kampdagsinfo
Med Norway Cup, sommarferie og mange sunnmøringar på Austlandet ventar vi minst 500 Hødd-supportarar på tribuna.
Det ligg an til å bli det største bortefølgjet til Hødd sidan kampen mot AaFK på Color Line Stadion i fjor.
Sunnmøre samlast på Nadderud
Mange sunnmøringar er i Oslo-området under Norway Cup, medan andre har ferie eller bur på Austlandet. No håpar vi at så mange som mogleg tek turen til Nadderud og blir ein del av Hødd-familien denne måndagskvelden.
Målet er å skape eit stort og samla bortefelt som gir spelarane ekstra energi i jakta på viktige poeng.
Ekstra godt tilbod til Norway Cup-lag
Speler du eller er du med eit lokalt lag på Norway Cup? Då er dette ei gyllen moglegheit til å oppleve Hødd i aksjon.
Lag som kjøper minimum 20 billettar til bortefeltet, får meir enn halv pris per billett. For å bestille dei rabatterte billettane, send ein e-post til [email protected].
Vi håpar mange av dei lokale laga frå Sunnmøre grip sjansen til å bli ein del av Hødd-feltet og skape ei fantastisk ramme rundt kampen.
Felles opplading
Tradisjonen tru samlast mange Hødd-supportarar på Gamle Bjørungs i timane før avspark. Her blir det god stemning, fotballprat og opplading saman med andre Høddarar.
Frå Gamle Bjørungs er det enkelt å ta T-bana frå Nasjonalteateret til Bekkestua, før ein kort spasertur tek deg til Nye Nadderud.
Bli med!
Enten du er på Norway Cup, har ferie på Austlandet eller bur i Oslo-området – vi håpar du blir med og støttar Hødd frå tribuna.
Ta på deg Hødd-drakta, ta med familie og venner, og bli ein del av det som kan bli den største blåkvite støtta Hødd har hatt på bortebane sidan lokaloppgjeret mot AaFK.
Vi sjåast på Nadderud! 💙