
Minneord, Karsten Ulstein (1956-2023)
Av Arne Flatin
Den første gongen eg la merke til Karsten var i 1975. Som fersk og ivrig Hødd-supporter var eg tett på A-laget. For ein 10-åring var det stort å vere ballhentar, rett bak mål for å vente på Hødd-scoringar.
Denne gongen var det ein fin sommardag og Sunndal var motstandar på Høddvoll. Det var vanskeleg å trenge gjennom forsvaret til nordmøringane. Heilt til ein 19 år gammal lyslugg kom inn frå benken. Det gjekk ikkje lange stunda før eit innlegg frå Kjetil Hasund vart stonga i mål av superinnbyttar Karsten Ulstein. Allereie då vart Karsten godt plassert i Hødd-hjartet mitt. Til saman vart det 9 scoringar på 68 A-kampar for Karsten. Seinare vart det mange sesongar i Haddal, men Karsten har framstått som ein fantastisk frivilleg i Hødd åra etter.
Opp gjennom åra har han «alltid» vore ein del av Hødd. Heilt til det siste. Det er ikkje lenge sidan me hadde ein god prat på sidelinja under ei A-trening. Ein blidare og kjekkare mann skal ein leite langt etter. Karsten møtte deg alltid med eit godt og varmt smil som kunne sjåast på lang avstand. Han var eit lunt menneske som det var lett å kome i kontakt med.
Det tomromet han etterlet seg for sine næraste er uendeleg stort…. For oss på Høddvoll vert det også eit stort tomrom både mentalt og fysisk. Den frivillege innsatsen Karsten gjorde i så mange år, særleg rundt A-laget…. Den er det vanskeleg å beskrive med ord. Pliktoppfyllande og dyktig. Han la forholda til rette slik at spelarar og trenarar kunne konsentrere seg om å prestere på bana. Karsten var til å stole på, eitt hundre prosent.
Det er tomt og tungt no dagane etter at me fekk høyre at den flotte mannen hadde gått bort. Og at det gjekk så fort. Det gjer det ekstra låkt.
Men me har mange fine og gode minne frå Karsten si tid her på Høddvoll. Det at han var her oppe på vollen i så mange år gjer meg trygg på at han likte seg godt. Til saman var Karsten registrert med 38 år som frivilleg i Hødd.
Eit blått Hødd-hjarte har slutta å banke. I sorga går tankane våre til familien, til alle dei som var så glade i Karsten. Vi i Hødd kjem til å sakne han- men minnast han med glede…
Kvil i fred.



