Minneord, Arvid Kvalheim 1949-2024

For ikkje så lenge sia fekk eg vite at Arvid var borte, knapt 75 år gammal.

Arvid Kvalheim var eit kjend fjes på Høddvoll. Han stod der trufast på nedste rada på nye Høddvoll i kamp etter kamp. I den gule jakka si og gjerne med capsen på. Og alltid eit varmt smil når han møtte blikket ditt.

Eg kjem til å sakne den gode praten med Arvid når den nye sesongen tek til om ikkje så lenge. Han var ein snill og raus kar som var med i Hødd-systemet i mange år, først og fremst som frivillig på A-kampar, men også då barna hans var aktive i Hødd midt på 80-talet.

Arvid var Hødd-patriot heilt frå han og kona Sylvi bygde på Solhøgda rett bortom grasbana i 1968.

Arvid tok B-trenarkurs i Hødd då han var trenar/lagleiar for aldersbestemte lag og var flink til å følge opp aktiviteten.

Når den første A-kampen går på Høddvoll i vår kjem eg til å kaste blikket opp mot plassen der Arvid brukte å stå, og minnest eit fint menneske og ein god Hødd-patriot.

Kvil i fred.

Arne Flatin
Februar 2024
 
Annonse: