Mikkel til Bryne FK

Mikkel Bjørnstad blir assistenttrenar i Bryne FK frå 2022.

Mikkel Bjørnstad følgjer Kevin Knappen til Bryne FK og blir klubbens nye assistenttrenar. Mikkel har valt å seie opp si stilling i Hødd Fotball frå 1. desember og vil starte i si nye stilling i Bryne FK frå 1. januar. 

Avtalen med Bryne FK gjeld ikkje før neste år og alt fokuset ligger på å prestere godt både på trening og i kamp i tida framover. Hødd har viktige kampar framfor seg og det er der fokuset er for trenarteamet og spelargruppa. 

Mikkel Bjørnstad kommentera dette i pressemeldinga: 

- Eg har hatt to fantastiske år i Hødd og vart veldig godt tatt imot når eg kom til Hødd. Eg har vore heldig som har fått jobbe med ambisiøse spelarar og dyktige kollegaer. Hødd er ein klubb som eg vil følgje resten av livet, og som eg har blitt skikkeleg glad i. Det var Kevin som henta meg til Hødd, og det blir naturleg for min del å følgje han vidare til Bryne også. Vi jobba veldig bra saman i team. Eg vil spesielt takke eit trenarteam på rekrutt og ei spelargruppe som har vore fantastisk. Heldigvis fekk vi krona sesongen med eit opprykk. Det skal vi gjere med A-laget også! Heia Hødd!  

For spørsmål: 
Jesper Törnqvist - sportssjef / 472 00 004 
Annonse: