
Matthew Scarcella klar for Hødd
Matthew har signert ei kontrakt som strekkjer seg ut 2026-sesongen! Toppfotball
Hødd har i dag signert den australske U23 landslagsspelaren Matthew Scarcella. Midtbanespelaren kjem frå Sydney FC, og vil slutte seg til laget seinare i veka.
- Vi har i ei periode sett etter ein spelar inn på midtbana vår og har via kontaktnettverket kome i kontakt med Sydney FC og Matthew. Matthew er ein dynamisk midtbanespelar som har spelt i A-league og for storklubben Sydney FC. Matthew gleda seg til Norge og Hødd, og kjem til Ulsteinvik før helga! Velkomen til Hødd, seier dagleg leiar og sportssjef Jesper Törnqvist.
Hovudtrenar Marius Bøe seier signeringa vil styrke gruppa umiddelbart.
- Vi har over lengre tid leita etter ein dynamisk midtbanespelar. Det har blitt gjort ein grundig jobb for å finne denne spelaren. Gjennom eit godt nettverk klarte vi til slutt å lande Matthew. Han har menneskelege kvalitetar og fotballferdigheiter som styrka gruppa vår umiddelbart. Vi gleda oss til å sjå Matthew i blå Hødd drakt.
Vi ønsker Matthew velkomen til Hødd!